Er du student innanfor media, kommunikasjon eller journalistikk og er på utkikk etter ein deltidsjobb? Er du kreativ, innovativ og tek utfordringar på strak arm? Då er dette noko for deg.  Vi ser etter deg som har kompetanse og interesse innanfor digital kommunikasjon, sosiale media og marknadsføring. Vi ser etter deg som har eit ekstra gir og har moglegheit til å arbeide 5-10 timar i veka.

Ansvarsområde

Personen vil blant anna ha ansvar for å utarbeide og gjennomføre ein marknadsføring- og kommunikasjonsplan for organisasjonen. Dette inneberer til dømes organisering og implementering av annonseringssystem samt ansvar for digital marknadsføring og kommunikasjon på sosiale media.

Personlege eigenskapar

  • Du tek utfordringar på strak arm
  • Du er engasjert, positiv og løysingsorientert
  • Du er strukturert og proaktiv
  • Du trivast å arbeide i eit miljø som ­held høgt tempo
  • Du må vere sjølvstendig, men samtidig vere ein god teamplayer

kvalifikasjonar

  • Gode kommunikasjons-, formulerings- og framstillingsevner – både skriftleg og munnleg
  • Gode skriftlege språkferdigheiter – både på norsk og engelsk
  • Stor interesse for digital marknadsføring og er gjerne sjølv aktiv på ulike SoMe-kanalar

Vi tilbyr

  • Gode lønnsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Spennande og interessante oppgåver med mykje ansvar
  • Hyggeleg og sosialt arbeidsmiljø

 

Søknadsfrist 06.november
Om du har spørsmål, ta kontakt med Kristine Ertesvåg på ke@nog.no / 90407709
eller Caroline Egset cg@nog.no / 45918035. CV og Søknad sendast til ke@nog.no